Similar alternatives
Practical
Sponsored links
Norli - alt i bøker og rekvisita
Details
DRAUMAR VI BER PÅ FØRDEKONFERANSEN 6. JULI 2023
På Førdekonferansen i år set vi søkjelyset på kva eller kven som avgjer om draumar innan kunst og kultur blir oppfylte eller ikkje. Det vil handle om makt og pengar, kvalitet og kvantitet, strukturar og ordningar, offentleg og privat - og ja, kanskje til og med flaks og uflaks, eller kjennskap og venskap? Sagt på ein annan måte: Kven får sjansen til å oppfylle draumane sine, og kven får ikkje?
Innleiarane på konferansen er norske og internasjonale representantar frå politikken, akademia, media, Kulturrådet og private sponsorar og stiftingar, i tillegg til dei vi – for å setje det på spissen – her kan kalle drøymarane, altså kunstinstitusjonar og kunstnarar.
Konferansen vert leia av tidlegare kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes.
Påmelding av bedrift med ønskje om faktura? Send epost til: billettar@fordefestival.no
PROGRAM FOR FØRDEKONFERANSEN
Kl. 09.30 Registrering og kaffi
Kl. 10.00 Velkomen
Jenny Følling – ordførar Sunnfjord kommune
Arne Osland – styreleiar Førdefestivalen
Kl. 10.10 Kva for draumar kan kulturpolitikken oppfylle?
Grunde Almeland – leiar i Familie- og kulturkomiteen
Kl. 10.30 Katrine Sele – Korleis halde på ein draum
Eit samarbeid med Rom for ord.
Kl. 10.45 Mellom definisjonsmakt og dialog – om kunstnariske relasjonar i skulen
Kari Mette Holdhus – professor i musikkpedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet
Kl. 11.10 Kritikk som skaper og knuser draumar
Kritikarane Kjetil Røed, Katrine Sele og Jens Kihl
Programleiaren leiar samtalen
Eit samarbeid med Tekstallianse
Kl. 11.45 Kaffipause
Kl. 11.55 Makta over musikken
Anja Nylund Hagen – forskar i Kulturdirektoratet
Kl. 12.20 Korleis påverkar private og offentlege tilskotsytarar
Stian Jean Opedal Davies, leiar av Utval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune
Hallvard Klakegg, direktør Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sølvi Lien, direktør Førdefestivalen
Programleiaren leiar samtalen
Kl. 12.55 Lunsj
Kl. 13.55 Kunstnarleg innslag
Unge afghanske utøvarar
Kl. 14.00 Då draumane forsvann i Afghanistan
Dr. Sarmast – leiar for Afghanistan National Institute of Music, no i eksil i Lisboa
Kl. 14.25 Då draumane forsvann i Mali
Manny Ansar – leiar av Festival in the Desert, Timbuktu, Mali
Kl. 14.50 Mot alle odds
Hilde Bjørkum – tidlegare direktør Førdefestivalen
Peter van Rompaey – leiar for Muziekpublique i Belgia
Programleiaren leiar samtalen
Kl. 15.15 Kaffipause
Kl. 15.25 Kven får draumane oppfylte i 2035 – fire scenario?
Kristin Danielsen - direktør i Kulturdirektoratet
Kl. 16.00 Slutt