Folkemusikalsk busstur: Fagernes–Beito tur-retur

Fagernes–Beito tur-retur med guide Kjellbjørn Karsrud og Jan Beitohaugen Granli. Foto: Eva Karlsson Spelemennene Jan Beitohaugen Granli og Kjellbjørn Karsrud har samanlagt brukt over eit halvt...
This activity is completed or marked as expired
14.Jul
2023
10:00am

Details

Fagernes–Beito tur-retur med guide Kjellbjørn Karsrud og Jan Beitohaugen Granli.

Foto: Eva Karlsson

Spelemennene Jan Beitohaugen Granli og Kjellbjørn Karsrud har samanlagt brukt over eit halvt hundreår på å leite i alle krikar og krokar etter tradisjonsstoff frå Valdres. I år inviterer dei på kulturhistorisk busstur til spelemannsheimar i Øystre Slidre. Kor budde Jørgen Sagahaugen, Guri Hegge og Andris Dahle?

Jan Beitohaugen Granli frå Øystre Slidre har gått i lære hjå ei mengd felespelarar i Valdres, mellom andre Trygve Bolstad og Harald Røine. Etter mange år som kulturskulelærar på hardingfele i Valdres har han vendt nasen til Volda. Her arbeider han som lærar i kulturskulen og som gardbrukar. Kjellbjørn Karsrud er frå Leira i Valdres, og er i dag busett i Lom. Han er eit levande folkemusikkleksikon med oversikt over det meste av låttar og spelemenn. Til dagleg jobbar han som lektor i filologiske fag ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.

Medverkande: Jan Beitohaugen Granli Kjellbjørn Karsrud

Practical

Enjoy code: 816564
Type
Sports event
Target groups
Elderly, Kids, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links