FLYTENDE SPEIL // Venter/Skar/Kolbenstvedt/Davidsen

- Nydeleg og rystende intimframsyning ! I Flytende speil er det fire erfarne scenekunstnarar som møtast i eit svært personleg improvisasjonsbasert framsyning. Det handlar om traumer og nedarva...
This activity is completed or marked as expired
11.Sep
2021
5:00pm

Details

  • Nydeleg og rystende intimframsyning !

I Flytende speil er det fire erfarne scenekunstnarar som møtast i eit svært personleg improvisasjonsbasert framsyning. Det handlar om traumer og nedarva mønster frå barndommen, mellom anna frå ein strengt religiøs heim. Spørsmålet som stillast er: Korleis spegle seg i sine næraste, når forholdet til menneska vi er avhengig av for å finne feste, byrjar flyte? Når ein byrjar tvile på eiga oppfatning, og blir usikker på kva som er draum eller røynd, spel eller vrangførestelling? I Flytende speil er hovudoverskrifta overganger. Mellom autobiografi og fiksjonalisering, mellom tale og sang, mellom røynd og vrangførestelling, mellom weltsmertz og galgenhumor.

Flytende speil er eit sceniskmusikalsk samarbeid mellom skodespelar/musikar Torbjørn Davidsen, songar/skodespelar Juliana Venter, komponist Julian Skar og regissør Marius Kolbenstvedt. Framsyninga hadde premiere på Stamsund Internasjonale Teaterfestival i 2021, fekk glitrande kritikkar og blei mellom anna omtala som ein «nydelig og rystende intimforestiling» (Norsk Shakespearetiddskrift). Framsyninga spelast i villaen på Dalsåsen.

Støtta av: Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, FFUK, spenn.no, Dramatikkens hus og Norske dramatikeres forbund

Practical

Enjoy code: 506123
Type
Scene
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links