Finale - EuropaVox Campus 2024

Dørene opnar: kl 18.30 Spelestart: kl 19.00 EuropaVox Campus er det første musikalske springbrettet i sitt slag for studentband, eit prosjekt utvikla av festivalprodusenten EuropaVox og...
This activity is completed or marked as expired
18.Apr
-
7:00pm

Details

Dørene opnar: kl 18.30

Spelestart: kl 19.00

EuropaVox Campus er det første musikalske springbrettet i sitt slag for studentband, eit prosjekt utvikla av festivalprodusenten EuropaVox og franske Université Clermont Auvergne.

Frå oktober 2023, har studentband meldt seg på den lokale konkurransen på sin campus i Tyskland, Romania, Norge og Frankrike. På kvar stad vil ein jury av faglærarar, representantar for arrangørar og profesjonelle utøvarar velje dei artistane som er kvalifisert til å delta på den lokale bandkonkurransen.

På sjølve gallakvelden på Arena ,18. april, vil ein jury frå fleire europeiske land kåre vinnaren av EuropaVox Campus 2024.

Om EuropaVox Campus

  • Prosjektet har blitt til gjennom eit samarbeid mellom partnaruniversiteta Université Clermont Auvergne (Frankrike), Universitatea Ovidius (Constanța, Romania) og Ostbayerische Technische Hochschule (Regensburg, Tyskland) og Høgskulen på Vestlandet - i tillegg til medverkande studentar, med ei blanding av konsertar, møteplassar og internasjonal mobilitet.
  • Prosjektet er tildelt støtte frå EU gjennom ordninga Erasmus +
  • Vinnaren av den internasjonale finalen i Frankrike i 2023, var bergensbandet Astroturf.
  • Les meir på: http://campus.europavox.com

Practical

Enjoy code: 746509
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.