star
star
star
star
star

Fagrasete

Start på parkeringa ved skisenteret. Etter asfaltert løype på høgre sida av skistova, eit stykke forbi skytebana. Ta av frå asfalten opp første traktorveg til høgre. Etter litt, opp til venstre og...
Photo: Torkjell Kjosås

Practical

Enjoy code: 775316
Frå Fv7 følg skilting mot Sjusete frå Øystese eller Norheimsund. Parker ved Sjusete skisenter.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Kids, Adult, Elderly
Duration
2 hours
Distance
1.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Start på parkeringa ved skisenteret. Etter asfaltert løype på høgre sida av skistova, eit stykke forbi skytebana. Ta av frå asfalten opp første traktorveg til høgre. Etter litt, opp til venstre og langs ny traktorveg opp til eit beite. Kryss dette langs merking i rett linje opp, og vidare gjennom granskog, og til møte med skogsveg frå Kjosås. Skilt med Sjusete på her.

Vidare til venstre langs skogsvegen eit kort stykke, så opp til høgre (ikkje rett fram langs sti!). Over stor gamal bjørk som ligg over stien. Vidare opp langs merking til sti til vestre!

Følg denne til stikryss der du tek stien på venstre side (den andre går opp til Legena). Følg så sti vidare til Kjosåsstølen.

Du føl merking med kvitt plastband med raude T-ar heile vegen. Ca 2 km, 167 hm.

Det er lov å bruke gapahuken på Fagrasete, hugs berre å lata att grinda slik at dyra ikkje kjem inn og gjer det utriveleg for dei neste gjestene.