star
star
star
star
star

Espevær, UFO Ringen

Her finn du eit gammalt fiskevær med Baadehuset og Hummmarparken. I tillegg er UFO-ringen og kabelferja vidde kjende. For å komma til UFO-ringen må du gå 15 minutt gjennom lett kupert og delvis...

Practical

Enjoy code: 740711
Fra Eidesvik kan ein ta rutebåt til Espevær.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Adult
Duration
30 minutes
Distance
2.2 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Her finn du eit gammalt fiskevær med Baadehuset og Hummmarparken. I tillegg er UFO-ringen og kabelferja vidde kjende. For å komma til UFO-ringen må du gå 15 minutt gjennom lett kupert og delvis myrlendt terreng. Det er ganske gjørmete sti, så me tilrår å bruka støvlar, sjølv om det er lagd ut plankar til å gå på. Inngangen til stien er rett ved bedehuset. UFO-ringen blei til ei natt i 1975, då det blei observert lys over Espevær. Hundar vart hysteriske og sikringsskap eksploderte. Nokre dagar etter vart det oppdaga ein ring som var 63 meter lang, og med ein diameter på 13 meter. Sporet som danna ringen var 40 cm. breitt. Verken Forsvaret eller UFO-logar har enno funne ut kva som har laga dette sporet, som enno er tydeleg i bakken. Det er ein fin tur med bademuligheitar sommarstid. Ikkje bli skuffa viss du ikkje ser ein UFO. Dei kjem sjeldan tilbake!