star
star
star
star
star

Einhovden - boltreplass for borna.

Turen går frå parkeringsplass ved Stølsvegen i Indre Arna. Frå parkeringsplassen kan ein velje å gå mot nord på Rambergsvegen eller mot sør på Reppardalsvegen. Denne turen går sørover på...
Photo: Arna Aktiv

Photos

Practical

Enjoy code: 949353
Frå Øyrane Torg - følg Ådnavegen, i rundkøyring ta 2. avkøyrsle ut på Garnesvegen, i rundkøyring ta 1. avkøyrsle ut på Indre Arna vegen, sving til venstre etter Arna Idrettspark og inn på Stølsvegen. Parkeringsplass finn ein rett nord for den nordligaste blokka i Ådnamarka borettslag.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
2.2 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen går frå parkeringsplass ved Stølsvegen i Indre Arna. Frå parkeringsplassen kan ein velje å gå mot nord på Rambergsvegen eller mot sør på Reppardalsvegen. Denne turen går sørover på Reppardalsvegen som svingar seg oppover lia aust for Arnatveit. Etter omlag 2 km på grusvegen vil turmålet Einhovden kome til syne på venstre side. Gjennom ei grind og nokre meter rett vest vil ein møte eit flott utsyn over Arnadalen og moglegheit til å søkje ly i gapahuken. Gapahuken er bygd av Arna Aktiv, som er eit rehabiliteringstiltak i Bergen kommune for personar med rusproblem. Om ein vil halde fram på grusvegen vil ein kunne nå Arnanipa eller naturreservatet Reppardalen.