DRAUMKVEDET 2 - Kim Rysstad

Folkesongaren Kim Rysstad framfører Draumkvedet heilt aleine i Emanuel Vigelands makelause mausoleum. Samspelet mellom den varme røysta og den lange etterklangen i mausoleumet vil gje deg ei stund...
06.Jan
2026
7:00pm

Details

Folkesongaren Kim Rysstad framfører Draumkvedet heilt aleine i Emanuel Vigelands makelause mausoleum. Samspelet mellom den varme røysta og den lange etterklangen i mausoleumet vil gje deg ei stund du aldri gløymer. Trettandedag jol 2010 hadde Kim Rysstad sin debut med framføringa av Draumkvedet, den gongen i ei isande kald Fantoft Stavkyrkje. I 2015 heldt han sine to fyrste Draumkved-konsertar i Vigelands mausoleum, og har blitt ein årleg tradisjon sidan. Konsertstart kl 19.00 ! Varmt velkomen skal du vere! KORT OM DRAUMKVEDET: Draumkvedet er eit norsk visjonsdikt, sannsynlegvis frå slutten av middelalderen. Det handler om Olav Åsteson som fell i djup svevn jolekvelden, og han vaknar ikkje før trettandedag jol. Då rir han til kyrkjes, der han set seg i kyrkjedøra å fortel «draumane mange». Du som lydar får take del i ei mektig skildring av kampen mellom dei gode makter, ført av «sankte såle-Mikkjel», og dei onde, som kom nordfrå og vart leia av Grutte Gråskjeggje, dvs. Djevelen. Det religiøse innhaldet er delvis i fullt samsvar med katolsk lære, delvis å forstå som ein mer folkeleg oppfatning av synd og straff og barmhjertighet. PRAKTISK INFO: Konserten tek omlag 40 minutt. Det anbefalast å kle godt på seg, evt ha med ullpledd, då det kan vere særs kaldt i mausoléumet i januar. Ankomst: T-bane nr. 1 Frognerseteren til Slemdal stasjon. 7 min. gange. Buss nr. 46 til Grimelundsveien. 5 min. gange. Kaupte billettar refunderast ikkje!

Practical

Enjoy code: 777361
Type
Concert
Target groups
Elderly, Youth, Kids, Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Tuesday
06/01 2026 7:00pm
Emanuel Vigeland Museum Emanuel Vigelands museum Grimelundsveien
Provided by Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.