Draumen om Bjerke. Bjørn Hatterud og Tove Nilsen

I Blokka på Bjerke skildrar Bjørn Hatterud ein bydel i klassereise. Bebuarane i blokka hans endrar seg frå dei gamle og trygda, krigsseglaren Bjarne og Ester som ein gong var ei fattigjente på...
This activity is completed or marked as expired
15.Jun
2023
7:00pm

Practical

Enjoy code: 686395
Target groups
Kids, Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

I Blokka på Bjerke skildrar Bjørn Hatterud ein bydel i klassereise. Bebuarane i blokka hans endrar seg frå dei gamle og trygda, krigsseglaren Bjarne og Ester som ein gong var ei fattigjente på Langøyene, til pene, joggande menneske med livet på stell. Og no som Hatterud sjølv skal flytte derfrå, er han også ein annan enn då han flytta inn som uføretrygda og fattig. Kva hender med byen vi bur i, når bydel etter bydel blir meir og meir strigla? Korleis kan vi skape ein by som framleis har rom for dei som faller utanfor A4-malen? Og korleis skrive om arbeidarklasse og trygda utan å eksotisere eller romantisere?

Bjørn Hatterud er forfattar, kunstkritikar, kurator og musikar. Han har gitt ut Mot normalt og Mjøsa rundt med mor, ei sjølvbiografisk memoarbok om å være homofil med funksjonsnedsettingar i arbeidarklassa i Brumunddal, som begeistra lesarar og kritikar stort. I Blokka på Bjerke fortsett Hatterud utforskinga av klasse, identitet og det å høyra til.

Forfattar Tove Nilsen har sjølv skrive mykje om Oslo-livet, blant anna inspirert av sin eigen oppvekst på Bøler. No møtes Hatterud og Nilsen til samtale om å bu i blokk, klasse og endringar i byene.

Maps

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.