DET STORE I DET SMÅ

«So much depends on a red wheelbarrow», heiter det i William Carlos Williams’ kjende dikt. Medan litteraturen er full av episke forteljingar om storslagne bragder og dramatisk kjærleik, er det...
This activity is completed or marked as expired
08.Oct
2022
12:00pm

Details

«So much depends on a red wheelbarrow», heiter det i William Carlos Williams’ kjende dikt. Medan litteraturen er full av episke forteljingar om storslagne bragder og dramatisk kjærleik, er det trass alt kvardagar menneskelivet har flest av. I vår hyperindividualistiske tidsalder, der draumen gjerne er å leve eit spesielt og unikt liv, kan eit heilt vanleg tilvære verke uinteressant. Kva er det vakre og meiningsfulle i det nære og kvardagslege? Kan litteraturen hjelpe oss å få auge på det storslagne og poetiske ved trillebåra i hagen, katten på tunet, trikken som rullar, alt det vi har så lett for å oversjå i vår higen etter noko «større»?

I Sivert N. Nesbø sine bøker er dei små detaljane heilt sentrale. Den siste romanen, Varme og vatn, følger fjorten år gamle Lars sine tankar og kjensler i møte med dei nære omgivnadene nokre seinsommarveker.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du pålittsymp.no.

Practical

Enjoy code: 583297
Type
Festival
Target groups
Kids, Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links