Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar //Sommarkveldar på Knudaheio//

Triokonsert med jorunn undheim, bjørge verbaan og tarjei nysted sommarkveld i knudaheio 16/6: jorunn undheim, bjørge verbaan og tarjei nysted, konsert: der draumar sviv - haugtussa i nye tonar....
This activity is completed or marked as expired
16.Jun
2021
5:45pm

Details

Triokonsert med jorunn undheim, bjørge verbaan og tarjei nysted sommarkveld i knudaheio 16/6: jorunn undheim, bjørge verbaan og tarjei nysted, konsert: der draumar sviv - haugtussa i nye tonar. Arrangementet varer 1 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi førebels 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. I oktober 2019 gav komponist bjørge verbaan og songar jorunn undheim ut albumet «der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå haugtussa av arne garborg. Songar jorunn undheim vaks opp i veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova knudaheio i dag ligg, og i naturen som garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom sigbjørn reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "der draumar sviv" ei haugtussa for vår tid. Onsdag 16. Juni vert musikken framført i hagen på knudaheio. Konserten vert arrangert i lag med nasjonalt garborgsenter. Smiegarden på undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med smiegarden, kultur- og gjestehus. Om du ønskjer å bestille bord.

Practical

Enjoy code: 666982
Type
Concert
Target groups
Adult, Elderly, Kids, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.