Inngangsbillett De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kontrasten frå mellomalderen til vår eiga tid viser korleis bygdene og vi alle har endra liva våre.
Photo: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Details

Det er som å gå inn i ei grend i Sogn nokre hundre år tilbake i tid. Små brune og grå hus, tett i tett, med gras på taket. Du passerer gamal slåtteeng, potetåker, urtehage. Ein hane gjel, gamle rasar av sau og kyr tygg drøv under ei bjørk, griser rotar i gjørma. Men så dukkar det opp ein blå Ford Escort. Eit ferdighus frå 1980-talet. Du går inn. Bak ei dør finn du eit rotete ungdomsrom med A-ha-plakatar på veggane. Kontrasten frå mellomalderen til vår eiga tid viser korleis bygdene og vi alle har endra liva våre.

I hovudbygget finn du utstillingar om jordbruk og mat, handverk og bondekunst, klede og tekstilar, tru, strandstad, krambu og barndom. Vi har leikeplassar, naturhistoriske løyper, eventyrskog. Om sommaren har vi aktivitetar i hus og tun på onsdagar, kvardagar klokka 14 fórar vi dyra, og vi har dagleg omvising. Kafé og museumsbutikk.

Photos

Practical

Enjoy code: 117006
Museet har eigen parkeringsplass
Type
Attraction
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Source
Enjoy
External information

Reviews