Dag Steinfeld: KRIG OG FEDRE

Dag Steinfeld kjem til litteraturhuset i Odda, for ein samtale om krig og fred, klasse og konflikt, og om fedre. I boka "Fedre og sønner" fortel han ei dramatisk soge om fire generasjonar i varm...
This activity is completed or marked as expired
26.Jan
2023
7:00pm

Practical

Enjoy code: 862510
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Dag Steinfeld kjem til litteraturhuset i Odda, for ein samtale om krig og fred, klasse og konflikt, og om fedre.

I boka "Fedre og sønner" fortel han ei dramatisk soge om fire generasjonar i varm og kald krig. Frå han var liten, høyrde Steinfeld forteljingar om den jødiske familien sin på farssida. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging i Russland på 1800-talet og etter kvart etablert seg med fleire forretningar i Noreg. Seinare døydde mange av dei i Auschwitz.

Steinfeld har brukt årevis på å avdekkja si eige familiehistorie og fortid. Fedre og søner står i konflikt med kvarandre i familien, som både spegar og står i kontrast til dei store rørslene i samfunnet: kald og varm krig, og økonomisk krisetid.

Velkomen til ein spanande kveld på Sentralbadet litteraturhus - der Dag Steinfeld samtalar om boka, og dei omveltande hendingane i verda som ligg til grunn for ho.

Arrangementet er støtta av Fritt ord og Norsk Kulturråd.

Maps