BUSI NCUBE BAND / MISS TATI’S ANGOLA 70

Eksotiske rytmar frå det afrikanske kontinentet med to språkmektige artistar. Først ut er Busi Ncube. Gjennom ein 30 år lang karriere, har ho etablert seg som ein av dei største internasjonale...
This activity is completed or marked as expired
10.Jul
2021
10:30pm

Details

Eksotiske rytmar frå det afrikanske kontinentet med to språkmektige artistar.

Først ut er Busi Ncube. Gjennom ein 30 år lang karriere, har ho etablert seg som ein av dei største internasjonale artistane frå Zimbabwe. Saman med bandet sitt, byr ho deg det beste frå dei rike musikktradisjonane i heimlandet.

Neste artist ut er Tatiana Palanca, alias Miss Tati. Ho kjem med sitt Angola­70-­show og eit fyrverkeri av rytmar med utgangspunkt i musikken som var populær i Angola på 70-­talet. Miss Tati har med seg eit heilt storband, og byr på rebita, semba, merengue og andre stilar.

Arrangementet har 20 års aldersgrense. Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på påfordefestival.no.

Practical

Enjoy code: 682083
Type
Festival
Target groups
Kids, Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links