star
star
star
star
star

Botnen - Sandfjellet

Sandfjellet ligg innst i Angedalen i Førde kommune på grensa mellom Førde og Naustdal. Turen frå Botnen i Angedalen og opp kan gjennomførast heile året og stig jamnt heile vegen utanom eit flatere...

Practical

Enjoy code: 207507
Køyr Fv481 Angedalsvegen frå Førde heilt inn til Botnen i Angedalen, ca 15 km. Her tek ein avstikkar opp til venstre 50 meter før brua over elva. Det er laga til parkeringsplass for turfolk like etter brua.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Youth, Adult
Duration
7 hours
Distance
6.2 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Sandfjellet ligg innst i Angedalen i Førde kommune på grensa mellom Førde og Naustdal. Turen frå Botnen i Angedalen og opp kan gjennomførast heile året og stig jamnt heile vegen utanom eit flatere parti midtveis frå Indrebøfjellet og eit stykke vidare, og mot sjølve toppen. Det er ingen rasfare vinterstid på første delen av turen, men innunder Kolstrupen nord for Indrebøfjellet kan det vere rasfarleg ved mykje snø og vind frå vest. Då er det best å vente nokre dagar eller legge seg på ei line noko lenger sør og med større avstand til bratta enn ruta på kartet viser. Når du har parkert, føl du stølsvegen, eller den oppkøyrde langrennsløypa ca 800 meter før du framfor ein liten nedoverbakke tek opp til venstre (vestover). Herfrå føl du ei gate oppover i skogen. På dei siste hundre metrane før du kjem over skoggrensa er det ikkje hogd gate. Når du er over skoggrensa held du til venstre oppover ryggen. Stigninga er jamn med nokre flatare parti, særleg mot toppen Indrebøfjellet. Her får du utsikt over Førde mot sør og Sandfjellet mot nordaust. Ruta går no vidare nordover mot Kolstrupen og dreier vestover eit stykkje til du kjem til ryggjen som så førar opp til toppen av Sandfjellet.

Sjå fleire bilde frå ruta på lenkja "Botnen - Indrebøfjellet".