Bondetinget

Dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk Landbruket har vore i ei rivande utvikling i Norge dei siste tiåra. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder...
This activity is completed or marked as expired
24.Apr
2022
7:00pm

Details

Dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk Landbruket har vore i ei rivande utvikling i Norge dei siste tiåra. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt. Vil bygdene våre overleve?

Bondetinget er ei undersøking og eit djupdykk i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata. Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet, Hitra-opprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar på dialekt, blant andre Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo.

Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke som har gjennomgått alarmerande endringar sidan tusenårsskiftet: Talet på gardsbruk i fylket gått ned med 37 prosent, talet på mjølkeproduksjonsbruk er halvert og vi er blant dei fylka der mest dyrka og dyrkbar jord blir omdisponert til andre føremål. Teatret Vårt besøker samfunnshus i heile fylket med denne viktige framsyninga.

Bondetinget er produsert av Teater Vestland i samband med at Norges Bondelag feira 125 år i teneste for den frie, norske bonden i 2021.

Practical

Enjoy code: 494981
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
Eventim
External information

Sponsored links