Boklansering: «Der hegre stig» av Helge Torvund

Lansering av ei ny diktsamling av Helge Torvund: «Der hegre stig».
Photo: Morten Brun

Details

I denne uvanlege boka er alle dikta baserte på tekstar frå ulike prosabøker av Arne Garborg. «Skrifter i sampling» er ein treffande undertittel på diktsamlinga. Forfattaren vil fortelja om korleis boka vart til, og lesa ein del av desse dikta, der språket er modernisert og sjanger og form er endra.

Komponisten Øyvind Torvund, vinnar av prisen Årets Verk 2024, har skrive ny cellomusikk inspirert av tekstane i boka og denne vil framførast av cellisten Joakim Munkner.

Kvelden vil òg by på eit møte med forfattaren og poeten Helene Torvund, som etter ein samtale med sin far, vil lesa frå årets diktsamling «Gust».

Boksal og signering. Inngang kr 100.

Practical

Enjoy code: 239504
Target groups
Adult, Elderly
Source
Enjoy

Loading ...

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.