star
star
star
star
star

Boga-Morkevika

Turen startar nedanfor Bogatunet, der det er mogleg å parkera. Følg grusvegen nordover mot båthamna i Nordre Bogevågen, og deretter merka sti til Morkevika. I Morkevika er det eit flott...
Photo: Skråfoto Nordhordland digitalt.

Practical

Enjoy code: 491894
Parkering ved Bogatunet.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Kids, Elderly, Adult
Duration
1 hour
Distance
1.1 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar nedanfor Bogatunet, der det er mogleg å parkera. Følg grusvegen nordover mot båthamna i Nordre Bogevågen, og deretter merka sti til Morkevika. I Morkevika er det eit flott sjøbruksmiljø, med naust og sjøbuer som høyrte til gardane Kolstad og Morken. Morkevika er veglaust, så dei som hadde naust her måtte først ro over Nesvatnet og gå gjennom marka for å koma til nausta og båtane.

Dei som ynskjer kan gå vidare nordover heilt mot Mangersnes. Då må ein anten gå same veg attende, eller om ein har høve til det, kan ein ha ein bil på Boga og ein på Mangersnes. Det er kring 3 kilometer mellom Boga og Mangersnes.

Det beitar sau i området. Hugs difor å halda hund i kort line!