star
star
star
star
star

Blåbrebu til Saga

Dette er ein veldig fin dagstur frå Blåbrebu. Start med å gå i nordaustleg retning og opp ein bakke til ein ser ned på det namnlause vatnet 810 moh. Gå så i om lag nordleg retning gjennom skaret...

Practical

Enjoy code: 412917
Sjå turomtale til Blåbrebu
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
3 hours
Distance
6 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein veldig fin dagstur frå Blåbrebu. Start med å gå i nordaustleg retning og opp ein bakke til ein ser ned på det namnlause vatnet 810 moh. Gå så i om lag nordleg retning gjennom skaret mellom det namnlause vatnet og Lægdevatnet. Når ein ser Lægdevatnet, dreiar ein mot nordvest og passerar sørenden av dette. Gå nordover langs vestsida av Lægdevatnet, seinare vestover til utløpet av vatnet. Kryss utløpselva på store steinar som dannar ei naturleg bru. Hald fram å gå langs vatnet til du har runda ei lita bukt litt nord for utløpet. Frå bukta gå nordaustover litt bratt opp eit smalt skar. Etter toppen av skaret, og NB! når ein kan sjå nordsida av Lægdevatnet, dreiar ein i vestleg retning oppover ei brei hylle og vidare mot toppen av Saga. Gå gjerne opp på ryggen og få utsikt nordover, eit stykke aust for Saga. Følg så ryggen til topps. Uvanleg fin utsikt!

På ski går ein om lag same ruta i starten, men ein går over Lægdevatnet og heilt til nordenden. Der går ein opp (vestover) ei brei, fin hylle nord for fotturhylla, og til topps. Nydeleg nedkøyring frå toppen

Det er ikkje varda sti opp. Ruta som ligg inne er ei som er gått sommeren 2017