Bjørn Tomren prøver så godt han kan – Soloturné Vår 2026

Bjørn Tomren kjem heimover i kjent stil. Frå Tomrefjorden til Stjernekamp, frå innerste fjord til dei største scenene i landet: Bjørn har blitt heile Noregs favoritt, og no legg han ut på turné med...
This activity is completed or marked as expired
07.feb
-
kl 19:00

Details

Bjørn Tomren kjem heimover i kjent stil. Frå Tomrefjorden til Stjernekamp, frå innerste fjord til dei største scenene i landet: Bjørn har blitt heile Noregs favoritt, og no legg han ut på turné med ein solokonsert som rett og slett må opplevast. Med si heilt unike stemme, rå musikalitet og eit skråblikk på livet som berre Bjørn kan servere, tek han publikum med på ei musikalsk reise utan sidestykke. Her får du alt: religiøse folketonar, strupesang, Americana, jazz, middelalderballadar, jodling, psykedelisk protestmusikk – og dei heilt stille visene som du først merkar når du går heim gjennom regnet. Sidan 2019 har han gitt ut tre kritikarroste album, vunne hjarta til heile landet i «Stjernekamp» (der han blei omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp sin historie»), og fylt konserthus frå nord til sør. I det siste har han også vorte å sjå som skodespelar i NRK-serien «Våre beste år». Og som om ikkje det var nok: Når Bjørn ikkje står på scena, samlar han på verdsrekordar i «Norge på langs» – i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han har til og med vore klovn. Forfattar Erlend Loe oppsummerte det slik: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme, han kan også sykle på eitt hjul.» Kort sagt: Dette er ein konsert du ikkje vil gå glipp av. Velkommen!

Practical

Enjoy code: 872643
Type
Concert
Target groups
Kids, Adult, Youth, Elderly
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.