star
star
star
star
star

Bjordal - Longåsdalen - Vikebygd, via Ulserhaug

Frå parkeringsplassen føl ein skilt merkja med Longåsdalen, det er god traktorveg dei 3.5 km til Longåsdalen. Etter vel 1 km gange så kjem ein til utlaupet for Longåsdalsvatnet, turen vidare til...

Practical

Enjoy code: 501507
Turen startar frå parkeringsplassen i Bjordal ved Bjordalstunet, husk parkeringsavgift. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 6 km, ta så til høgre ved kryss som er skilta med Bjordal, kjør til endes på denne vegen.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
30 minutes
Distance
12.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå parkeringsplassen føl ein skilt merkja med Longåsdalen, det er god traktorveg dei 3.5 km til Longåsdalen. Etter vel 1 km gange så kjem ein til utlaupet for Longåsdalsvatnet, turen vidare til Longåsdalen går langs vatnet i flatt terreng. Ved Longåsdalen så ligge det ein gammal husmannsplass. Det gamle huset(hytta) her var tidelegare eigd av Turistforeininga, men er no overteke av Skjold Bygdalag. Hytta var i siste del av 2. verdskrig skjulestad for den vidgjetne motstandsmannen Sverre K. Andersen, betre kjent under dekknamnet Arquebus . Frå Longåsdalen så føl ein skilt merka med Ulserhaug, på vegen passerar ein ei gamal kolmile. Vegen går no oppover ein dal på relativ god traktorveg, ein føl den i ca. 700 meter før ein tar til venstre mot nord ved eit høgt skilt som syner retning Ulserhaug. No går ein inn i eit variert terreng der ein føl ein merkja sti oppover og nordover i ca 1.5 km i retning Husafjell. Det stig ganske jamt så det er relativ lett å gå her, stien går i variert skog av furu og bjørk og ein er nokre snarturar innom litt myr terreng. Når ein er over tregrensa så har ein Husafjellet midt i mot, og ein vil koma til eit skilt på ei einsleg furu som syner som syner vegen mot Ulserhaug. Ein snur då retning litt meir mot vest og dukkar så ned i skogen att og kryssar ein bekk, før ein atter er over tregrensa og igjen ser det høgaste punktet på turen, Ulserhaug, Den siste kilometeren mot Ulserhaug er turens tyngste, då det kan vera, avhengig av korleis været har vore, noko blaut eit godt stykke, før ein tek fatt på dei bratte bakkane mot Ulserhaug.

Frå Ulserhaug så føl ein skilt og merkjer mot Morgonsvatnet, her er det lett og gå i nedoverbakke, men det er nokre myr parti på vegen. Nede ved Morgonsvatnet så føl ein sti på vestsida av vatnet mot Vikebygd. Ein går langs vatnet og elva som renn frå den i ca. 1 km. til ein kryssar elva ikkje langt frå Fossasåta. Ein går no i ope terreng langs Fossasto før ein kjem under skogrensa og føl sti der i ca. 1 kilometer til ein kryssar ei elv på ei jernbru, og er ved ein grusveg. Her tek ein til venstre og føl grusvegen nedover mot Vikebygd til ein er nede ved fylkesvegen som er endestaden for turen.