BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR 2021

Evig din til døden skiller oss ad? Ein livspartnar gjennom livet kan vere det beste. Men i dei aller fleste ekteskap kjem kvardagen ofte i vegen. Ein kan vere verdas beste lag, topp på alle plan,...
This activity is completed or marked as expired
09.Oct
2021
12:00pm

Details

Evig din til døden skiller oss ad?

Ein livspartnar gjennom livet kan vere det beste. Men i dei aller fleste ekteskap kjem kvardagen ofte i vegen. Ein kan vere verdas beste lag, topp på alle plan, verdas beste familie, men futten har gått ut av sexlivet. Likefullt er det forventa at ein skal vere trufast, halde seg til den eine. Ikkje gi etter før flørten og suget etter spenning. Å ha elskere og elskerinner er kanskje vanleg i Frankrike, men her er det framleis skambelagt, til trass for at forsking viser at utroskap vil berøre dei fleste av oss på ein eller annan tidspunkt i livet. Er monogami einaste fornuftige løysing?

Mange av Trude Marstein sine romankaraktar roter rundt i livet. Her er seriemonogamistar, utro ektefolk som higer etter å leve eit meir lukkeleg liv. Sissel Gran er psykolog, spaltist og forfattar av “Men størst av alt er begjæret. Kjøttets higen i liv og litteratur”. Ho er heile Norges “samlivsekspert”, og har hjulpe mange par som sliter. Marstein og Gran møter Kjersti Mjør til samtale om utroskap og monogami.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.

Practical

Enjoy code: 313869
Type
Scene
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links