Balejazz 2023 - Morten Abel

Med ei nesten uendeleg rekkje udødelege hits, eit fargerikt scenetekke og ein mangslungen karriereveg kan Morten Abel best omtalast som ei levande legende i norsk musikkliv. No skal han avslutte...
This activity is completed or marked as expired
05.mai
2023
kl 23:59

Details

Med ei nesten uendeleg rekkje udødelege hits, eit fargerikt scenetekke og ein mangslungen karriereveg kan Morten Abel best omtalast som ei levande legende i norsk musikkliv. No skal han avslutte første kveld på Balejazz med eit fyrverkeri av ein konsert i Kviknesalen.

Det er berre å søke dei opp på Spotify: "Be My Lover", “Lydia”, “Tulipz”, “Hard To Stay Awake”, “I’ll come back and love you forever” og “Frøken Vilikke”.

Vegen frå Bodø til Stavanger, frå Mods og The September When til Peltz og to tiår som definerande soloartist er lang og brokete. Men fellesnemnaren for Abels musikalske eskapader er den vanvittige låtteften som har gjort nesten alt han har teke i, til kritikarrost og populær musikk.

Det er berre å glede seg til ei natt spekka med hits frå Norges ukrona popkonge!

Morten Abel, vokal

Bernt Yngve Kvam, trommer

Thomas Engebretsen, bass

Nikolai Grasaasen, gitar

Håkon Øyen, tangentar

Ashley Stubbert, perkusjon

Anders Krokedal, gitar

Frank Østebø, lyd

Practical

Enjoy code: 246499
Type
Festival
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links