Baker Hansen på Quality Hotel Ålesund, Fredag 10.03.23 konsertstart kl 21.00

Baker Hansen: Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og...
This activity is completed or marked as expired
10.Mar
2023
8:30pm

Details

Baker Hansen: Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble blir til øyreopnande opplevingar som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og arbeider med heilt nye gjendiktingar og studioinnspeling i 2023. Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar | Erling Skorpen trompet Tore Flatjord trommer | Kjetil Jerve piano | Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass

Practical

Enjoy code: 376556
Type
Concert
Target groups
Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.