Audun Automat

Audun Automat kjem til jazzklubben torsdag 13. november. Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i...
13.Nov
-
7:30pm

Details

Audun Automat kjem til jazzklubben torsdag 13. november. Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp. Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både i livet og i musikken. På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje. Audun Automat er: Jørgen Mathisen – saksofon Torstein Lavik Larsen – trompet Erlend Slettevoll – Fender Rhodes Audun Ellingsen – bass Ole Mofjell – trommer Vel møtt

Practical

Enjoy code: 858507
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult, Elderly, Kids
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Thursday
13/11 2025 7:30pm
Tredet 8 Halkjelsgata
Provided by Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.