Atine

Eit møte mellom fem framståande musikarar frå Iran, Palestina og Frankrike, som byr på eit musikalsk mangfald i tolkinga av dei persiske songane og poesien frå 1800-talet. Atineønskjer å vise kva...
This activity is completed or marked as expired
08.Jul
2022
2:00pm

Details

Eit møte mellom fem framståande musikarar frå Iran, Palestina og Frankrike, som byr på eit musikalsk mangfald i tolkinga av dei persiske songane og poesien frå 1800-talet.

Atineønskjer å vise kva det er å vere persisk i dag, og let både iranske og arabiske tradisjonar få friske arrangement, og elegante hint av sjangrar som flamenco, barokk og jazz.

Vel møtt!

Meir om artisten:

ATINE - Iran / Palestina / Frankrike

Persisk musikk i moderne drakt

Songaren Aïda Nosrat, tarspelaren Sogol Mirzaei og perkusjonisten Saghar Khadem kjem frå Iran, Christine Zayed på ganûn frå Palestina, og Marie-Suzanne de Loye på viola da gamba er fransk. Med bakgrunn i sine ulike musikktradisjonar har dei fem musikarane skapt eit rikt og variert musikkuttrykk som tek oss langt tilbake i tid, men som først og fremst viser kva persisk musikk er i dag. Atine brukar både gamle kjelder og eige materiale, og skaper eit moderne uttrykk gjennom friske og moderne arrangement der elementa frå iransk og arabisk klassisk musikk får elegante hint av både flamenco, barokk og jazz.

Atine gav i 2020 ut plata ‘Persiennes d’Iran’

Aïda Nosrat - vokal

Sogol Mirzaei - tar

Saghar Khadem - perkusjon

Christine Zayed - ganûn

Marie-Suzanne de Loye - viola da gamba

Practical

Enjoy code: 949672
Type
Festival
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links