Albumslepp & konsert med Selvik

Sunnfjordingen Øyvind Selvik skriv og spelar «alternativ viserock på nynorsk» under namnet Selvik. Det musikalske utrykket kan vere både energisk og melankolsk, med fine vokalharmoniar. Saman med...
This activity is completed or marked as expired
04.mai
-
kl 20:00

Details

Sunnfjordingen Øyvind Selvik skriv og spelar «alternativ viserock på nynorsk» under namnet Selvik. Det musikalske utrykket kan vere både energisk og melankolsk, med fine vokalharmoniar. Saman med dei treffande nynorske tekstane får det heile eit fengande og melodiøst preg. Han har tidlegare gjeve ut albuma «Amerika» (2019) og «Kapittel 2» (2021), og no er han straks klar med sitt tredje album. Tittelen på det nye albumet er «Lang historie» og dette skal markerast skikkeleg med sleppfest og konsert i Nynorskhuset laurdag 4.mai! Øyvind Selvik - Vokal og gitar Mathilde Ravndal Gjelsvik – Vokal og gitar Richard Herland - Slagverk og perkusjon Harald Løkeland – Bass Nynorskhuset i Førde er ein perfekt stad å markere ei slik utgjeving, og vi håpar at mange tek turen for å oppleve ny og nynorskspråkeleg musikk som er produsert her i området. Restauranten Røyst mat & vin i Nynorskhuset er ope heile kvelden. Sjølve konserten føregår på Scene 2, rett ved sida av restauranten. Konsertstart er kl 20:30.

Practical

Enjoy code: 842908
Type
Concert
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.