ABClive : konsert med Frøkedal

Endelig fleire konsertar i ABC Studio. ABClive sesong 5 er bekrefta og me lanserer 4 konsertar i 2023. Fyrst har me gleda av å presentere Frøkedal 28.april! Frøkedal har gjort seg bemerka med...
This activity is completed or marked as expired
28.Apr
2023
7:30pm

Details

Endelig fleire konsertar i ABC Studio. ABClive sesong 5 er bekrefta og me lanserer 4 konsertar i 2023. Fyrst har me gleda av å presentere Frøkedal 28.april! Frøkedal har gjort seg bemerka med særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Med sisteplata – Spellemann-nominerte Flora – i bagasjen, har ho og bandet Familien dei siste åra reist land og strand her heime, frå små klubbscener til store festivalar. I vår turnerte dei i England som special guests for skotske Teenage Fanclub. Nå er tida inne for ny musikk og nye måtar å spele han på. Du er derfor invitert til ein konsertkveld med Frøkedal i eit nedstrippa format. Saman med ein medsamansvoren musikant eller to skal gamle og nye låtar framførast i eit nært, dønn ærleg – og ikkje heilt risikofritt – format. «Det er alltid ei skrekkblanda fryd å spele ny musikk. Og å spele utan eit stort band rundt seg. Likevel kjennes det også som om alt kan hende då. Litt risiko er bra – for alle i rommet.»

Practical

Enjoy code: 117574
Type
Concert
Target groups
Kids, Elderly, Youth, Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.