star
star
star
star
star

(31) Litlabø Bjødnahiet

Følg vegen opp mot Rødkleiv, over ei bru og på god skogsveg forbi fotballbana over brua ved Dalsløkjen og vegen til endes opp Stordalen. Gå ikkje den første T-merkte stien, som er nedkomst, men...
Photo: Stein Kyvik

Practical

Enjoy code: 969504
Start og sluttpunkt: Gruvemuseet på Litlabø
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Elderly, Kids, Youth
Duration
30 minutes
Distance
7.9 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Følg vegen opp mot Rødkleiv, over ei bru og på god skogsveg forbi fotballbana over brua ved Dalsløkjen og vegen til endes opp Stordalen. Gå ikkje den første T-merkte stien, som er nedkomst, men følg vegen 20 meter lenger opp og ta så bratt opp Fossane. Stien følgjer eit gamalt bekkefar, så her kan vera litt blautt. Vidare i lett skogsterreng forbi Stuasætertjødnane. Etter siste tjødno tek ein opp eit lite gjel, her er det viktig å halda til venstre, og ein ser då rett bort på Bjødnahifjedlet. Følg så stien langs nord- og vestsida av fjellet. Bjødnahiet er vanskeleg å få auga på, men inngangen er på baksida av nokre steinblokker som er støtta opp mot fjellet.

Stien nedover frå Bjødnahiet går rett austover på sørsida av Bjødnahifjedlet, først opp over eit lite høgdedrag, og så ned mot ei lita myr. På austsida av myra møter ein stien som kjem ned frå austsida av Bjødnahifjedlet. Følg den nedover lia tilbake til stien/skogsvegen i Stordalen, og ta same vegen attende.