1816 i Gamle Skrivargarden

Frå historiebøkene er 1816 kjent som året utan sommar. Dette var også året Gamle Skrivargarden blei bygd. Men 1816 er også eit band. Dei utforskar myrkret og lyset i oss alle, med nakne tekstar og...
This activity is completed or marked as expired
02.Oct
2022
6:00pm

Details

Frå historiebøkene er 1816 kjent som året utan sommar. Dette var også året Gamle Skrivargarden blei bygd. Men 1816 er også eit band. Dei utforskar myrkret og lyset i oss alle, med nakne tekstar og musikk som befinn seg ein stad mellom kammermusikk, jazz og alternativ pop. Inspirasjonen kjem like gjerne frå Rachmaninov og Steve Reich som vestafrikansk musikk og pop frå fortid og samtid. Wenche Losnegård og Audun Ellingsen har begge brei erfaring frå norsk jazz og improvisasjonsmusikk, og har skrive musikk til danseforestillingar og film, i tillegg til sine kritikerroste plater. I duoen 1816 samlar dei to låtskrivarane trådane og vev dei saman til eit fengslande univers av akustisk kammerpop. Bandets første album blei godt motteke og 1816 er no i ferd med å spele inn nytt album, som du får høyre smakebitar av i Gamle Skrivargarden. Med seg i bandet har dei den britiske cellisten Gregor Riddell som du kanskje har høyrt på Radiohead-albumet 'A Moon Shaped Pool' og ikkje minst perkusjonist og trommeslagar Erik Nylander som mellom anna spelar mykje med Ola Kvernberg. Wenche Losnegård - vokal Audun Ellingsen - bass Gregor Riddell - cello Erik Nylander - trommer «Usedvanlig melodiøs, vakker og unik» (Tor Hammerø, Nettavisen)

Practical

Enjoy code: 555740
Type
Concert
Target groups
Kids, Adult, Elderly, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.